På laurdag var dugnadsgjengen som har tatt på seg oppdraget med å lage storliv rundt Dalahaugen under kommande helgs randoneerenn på «stadion» for å forberede alskens aktiviteter for gammal og ung. Og aktivitet blir det i massevis kan dugnadssjef Ragnar Halle fortelje. Under laurdagens dugnadsøkt vart det blant anna laga to hoppar, slalomløype og to ulike trassear for minirandonee.
For ikkje å komme i vegen for hovedrennet som har fellesstart klokka 12 oppfordrar arrangørane at publikum og deltakarar til Dalahaugen Open dukkar opp til ca 11.30. -Da får ein parkert bilen og rekk å få med seg spurten opp frå målområdet av norgescuprennet, før Dalahaugen Open blir igangsett når startområdet blir ledig igjen, fortel Ragnar.
I målområdet vil det bli kiosksalg med både kaffe, bakels og pølser med brød. Ta gjerne med sitjeunderlag så skal vi lage fine benkar rundt om i løypa oppfordrar Ragnar, som håper at både bygdefolket og andre tek turen opp til Kårvatn laurdag. -Til og med vêret blir perfekt lovar han!
Foto: Anders Gjeldnes og Laila Bergli