Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Klare for ny sesong

Elinor Bolme Tysdag 4. juni 2019

Todalens yngste fotballspelarar har hatt ein fin vårsesong, og er no snart klare for sesongåpning med cupspel under årets SILregncup neste helg. Dei gler seg, og etter innsatsen på gårsdagens trening å dømme, så kan det bli ei kjekk oppleving.

Trenar Ola Dalsegg var litt skottredd, og sleppte inn både eitt og to mål.

Rekrutteringa i knøtteklassen er veldig god kan dei tre administratorane Ola Dalsegg, Anders Gjeldnes og Bjørn Gunnar Ansnes fortelje. -Vi er faktisk fulltallige, med 11 av 11 mulege ungar i denne aldersgruppa. I dag er vi litt redusert og «tok inn» eit par eldre karar på slutten som var på Bordholmen så lell, kunne Ola Dalsegg fortelje. -Vi fekk også ein skade tidleg på kast som gjorde at vi fekk ein ufrivillig pause. Trym var uheldig og fekk seg eit kutt over auga og måtte avslutte tidligare og kanskje ta seg ein tur til doktoren.

Ådne Gjeldnes, Anders Bruset Dalsegg, Jakob Ranes, Natalie Astrid Brusethaug, Lisa Ranes og Martine Øyen var på trening og såg fram til å ta ein tur til Surnadal på cup.

Jens Sancho Ansnes og Trygve Aleksander Halle er hakket eldre. Dei hospiterer hos G9 Søya og får lov å være med å spele i seriespel der. Neste kamp er torsdag denne veka, trudde dei.

Publisert: 4. juni 2019, 07:00