Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Klare for Norway Cup…

Klare for Norway Cup…

Jon Olav Ørsal Torsdag 26. juli 2012

Norway Cup er like rundt hjørnet. Manager Terje Nordvik for Todalen/Søya/Kvass-Ulvungen G19 (TSKU) fortel at dei fleste laget dreg til Oslo laurdag, og skal bu på Skøyenåsen skule den tida dei er i Oslo. Frå Samarbeidslaga Søya/Todalen/Kvass-Ulvungen er det 4 lag som skal delta i NorwayCup i år, og i tillegg er det 2 lag frå Surnadal.

Dei laga som skal delta er:

  • Søya/Todalen/Kvass-Ulvungen Jenter J 13
  • Kvass/Ulvungen Jenter J 16 7-er-lag
  • Kvass-Ulvungen/Søya/Todalen Gutter G 14
  • Todalen/Kvass-Ulvungen/Søya Gutter G 19
  • Frå vårt nærdistrikt stiller i tillegg Surnadal med 2 lag, nemleg  Surnadal Jenter J 14 og Surnadal Gutter G 16

    Alle laga spelar sin første kamp søndag 29. juli:
    Guttar G 14 møter Oppsal 1 kl 10.00 Bane 11
    Guttar G 19 møter Sykkulven kl 12.00 Bane 13
    Jenter J 13 møter Eiker Kvikk kl 15.30 Bane 16
    Jenter J 16 møter Alta IF kl. 18.15 Bane E 18
    Surnadalslaga spelar slik:
    Surnadal J 14 møter Førde 2 kl 10.00 Bane F4 (Furuset)
    Surnadal G 16 møter Fjellhammar kl. 19.30 Bane 4

    Første kampen for alle TSKU-laga går på Ekebergsletta, men utover veka går kampane rundt omkring i Oslo, på forskjellige banar.
    I gruppespelet har kvart lag 3 kampar, og da går lag nr 1 og 2 til A-spel, medan lag nr 3 går til B-spel og lag nr 4 til C-spel. Frå onsdag er det altså «vinn eller forsvinn» i kvar kamp. Laurdag 4. august og søndag 5.august er det så finalar for å kåre vinnaren.

    I gruppespelet skal TSKU-laga møte følgjande motstandarar:
    G 14 laget møter: Oppsal 1, Haugfoss og Team Nes
    G 19 laget vårt møter: Sykkulven, Oppsal 2 og Lusaka fra Afrika
    J 13 laget vårt møter: Eiker Kvikk, Stabæk og Nord 1
    J 16 laget vårt møter: Alta IF, Bergby I.L., og Haramsøy/Nordøy/Lepsøy

    Surnadal J14 møter: Førde 2, Rosendal TL, og Kvelde Hvit
    Surnadal G16 møter: Fjellhamar, Driv, og Åsane 4

    Som vanleg er det mange foreldre som reiser nedover for å vera til støtte ikkje minst for å være med i heiagjengen.  Nordvik fortel at Norway Cup setter eit tydelig preg på Oslo by denne veka og det er det er lett å treffe kjentfolk på byen desse dagane.

    Vi i Todalen.no ønskjer alle laga lykke til på banen, og tek gjerne mot fine bilde frå livet på Ekebergsletta og frå andre banar under Norway Cup.

    Først publisert: 26. juli 2012, 00:02 - Sist oppdatert: 25. juli 2012, 23:57