Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Klare for Korslaget…

Klare for Korslaget…

Jon Olav Ørsal Fredag 12. april 2013

Nedteljinga til Surnadal Sparebanks korslag er kome inn i sluttfasen. Laurdag ettermiddag kl 17 startar forestillinga i Surnadal Idrettshall, og da skal 120 songarar fordelt på 5 kor på scena. Tre av dei fire deltakarane på Talgø nytta fredag ettermiddag finvêret  til å finpusse formen, og riste av seg den siste rest av influensavirus som har herja dei siste par vekene.

Dei fire frå Talgø er John Moe, Heid Snekvik, Rune Moe og Einar Husby.  Men når dei kjem på scena i idrettshallen blir dei konkurrentar. Rune og Heid skal delta i KORupt (medlemar frå finans, handel, kontor, regnskap, tjenesteytande og energi), medan Einar og John deltek i Ohært (medlemar frå handverk, industri, transport, bygg, anlegg og primernæringane). KORrupt har Dagrun Løseth som dirigent og dei skal framføre «Joyful, Joyful» og «10 000 tommeltotter», medan Ohært med dirigent Lubomir Alexandrov skal framføre «Norwegian Wood» og «Norge, mitt Norge».

Forestillinga i idrettshallen blir nok beinhard konkurranse mellom kora, men likevel mest moro. Vi har iallfall hatt mykje moro på øvingane, og no gler vi oss til å kome på scena med eit tusentals publikum i salen, seier Heid, Rune og John som tjuvstarta med ein minikonsert i spindeltroppa medan Einar Husby var travelt oppteken med montering av innreiing på Hageland.

Det er enno ikkje for seint å kjøpe billett til Surnadal Sparebanks korslag laurdag ettermiddag.  Stikk innom Surnadal kulturhus, eller kjøp via nettet på Billettluka. Billetten kostar ein 100-lapp!

Publisert: 12. april 2013, 14:13