Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

– Klare for konsert på Todalshytta

Jon Olav Ørsal Laurdag 27. juni 2015

Da vi stakk innom Todalshytta i ettermiddag, pågikk øving og finpuss til kveldens konsert. Asle Beck, Yngve Kristiansen og Gunnar Westlie satt i kråa ved inngangen og finpussa på kveldens repertoar, og trioen gledde seg til å starte konserten på bakken framfor Todalshytta i det fine sumarvêret. Konserten på Todalshytta er eit samarbeid med Todalsdagen 2015, og døren opnar kl 19 – da blir det grillmat og tilbehør å få kjøpt – så starter konserten kl 20.00

Asle Beck var her på låtskrivarkonferansen, og deltok aktivt på konserten på Gammelfabrikken. Han trives godt i Todalen, og er glad for å være tilbake igjen. Denne gongen har han med seg kameratane Yngve Kristiansen og Gunnar Westlie for å halde konsert på Todalshytta

Ta med kontanter!

Eric Malling, vertskap på Todalshytta,  ber om at du tek med kontantar – betalingsterminalen på Todalshytta er i ustand og det kan lett skape forviklingar!  Inngangsbiletten til konserten kostar berre kr 100, og dersom du ikkje har kjøpt bilett på førehand så selges biletter ved inngangen.

Velkomen til konsert!

Publisert: 27. juni 2015, 17:26