Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Klare for å ta i mot turistane

Klare for å ta i mot turistane

Jon Olav Ørsal Onsdag 8. juni 2011

I Innerdalen er dei klare til å ta imot turistane. Innerdalshytta, med Torill og Iver Innerdal som vertskap, opna 1. juni. Renndølsetra opnar for turistane 16. juni, og i St.Hanshelga kjem dyra på setra. Da blir det nok meir liv og røre enn da vi var innom Innerdalen sist søndag. Da var det dugnad på Renndølssetra med klargjering til ny sesong, og byggjing av nytt grisehus. På Innerdalshytta var Torill og Iver Innerdal travelt opptekne ved grytene, og han trylla da fram rømmegraut og spekemat til oss. Det fine været lokka nok fram fleire turistar enn han hadde rekna med, men det gjekk nok bra og det vart mat på alle som ville ha.

Innerdalen har opplev eit skikkeleg løt etter TV-serien om Renndølsetra og Innerdalen som gikk på TV for nokre år sia, fortalte Eystein Oppdøl som er vertskap på Renndølsetra. Renndølsetra har omlag 900 overnattingar i året, medan Innerdalshytta har omtrent det dobbelte. I tilleg kjem nok eit betydeleg tal med dagturistar, som tek turen innover frå Nerdalen slik som vi.

Turen frå Nerdalen og innover til Innerdalen er ca 4 km etter grusveg, eller kanskje ein kan kalle det traktorveg. Det er fint å gå innover, men det er nok nokr tunge kneikar før en kan sjå Innerdalstårnet som speglar seg i vatnet. Det er så absolutt verdt turen, og hugs å ta med kamera!

Nedafor finn du eit bildegalleri fra Innerdalen.   Alle foto: Jon Olav Ørsal

Publisert: 8. juni 2011, 21:51