Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Kjøtt & påsse i lange baner

Jon Olav Ørsal Onsdag 24. september 2014

Det dufta godt av kjøtt & påsse heilt utpå gardsplassen utafor Sanitetshuset, og smaksløkane vart stimulert på direkten. Vi snakkar sjølvsagt om eldremiddagen, som hadde kjøtt & påsse på menyen sist onsdag. Eldremiddagen har tradisjon for å servere skikkeleg god og heimlaga tradisjonsmat, og denne dagen var det fleire tilreisande, med ordførar Lilly Gunn Nyheim i spissen. Eldrerådet hadde også lagt sitt møte hit, og vart med på middagen som samla godt over trettitalet til bords.

DSC_7481

Klare for kjøtt & Påsse! Frå venstre ledar i eldremiddagen Reidun Østvik, saman med ordførar Lilly Gunn Nyheim og Kitty Husby. foto: Driva/Jon Olav Ørsal

Deretter kunne Reidun ønskje gjestane velkomne til bords, og spesielt ga ho uttrykk for at ho sette stor pris på at ordførar Lilly Gunn Nyheim tok seg tid til å bli med på eldremiddagens kjøtt & påsse-dag. Det vart først servert kjøttsuppe, med grønsaker og erter som forrett. Deretter kom hovudretten som var salta fårekjøtt, med påsse og kålrabistappe som tilbehør. Det smaka riktig godt, og kokkane fekk mykje skryt for maten. Etterpå vart det servert kaffe og nydelig eplekake til.Lilly Gunn takka for maten, og rosa tiltaket som eldremiddagen driv. Det har stor betydning å koma saman i slikt sosialt lag, og med slik servering blir det eit skikkeleg høgdepunkt for mange. Lilly Gunn nytta også høvet til å presentere seg sjølv. Ho fortalte litt om oppveksten i Haltbakkan og om jobben, først i Stangvik Sparebank og sia i Surnadal Sparebank etter samanslåinga. I sommar vart ho einstemmig valgt som ny ordførar i Surnadal kommune, og tok over ordførarklubba frå Mons Otnes 1. september i år. Ho er den første kvinnelege ordføraren i Surnadal, og som ho sa sjølv, så var det jammen på tide at det vart kvinneleg ordførar. Ho hadde også med seg blomster og økonomisk støtte til eldremiddagen på kr 7.000.

eldreraadet2_7490

Eldrerådet. Framfor frå venstre Gyda Stolsmo, Lilly Gunn Nyheim og Johs Vaag (leiar). Attafor Jorunn Ness, Anne Marie Ranes og reidun Østvik. Foto: Driva/Jon Olav Ørsal

 

 

Eldrerådet hadde også møte i Todalen. Leiar i eldrerådet Johs Vaag fortalte at dei hadde ei viktig sak på dagsorden denne dagen. Dei skulle kome med uttale om endring av bruksstatus på Stangvik frå aldersheim til omsorgsbustader. Vaag fortalte at dei hadde diskutert saka både grundig og lenge, og dei vart einige om å gi si tilslutning til uttalen som styret i Surnadal pensjonistlag hadde kome med dagen før. Den lyder som så: «Omlegginga av drifta ved Stangvik aldersheim må ikkje skje før eit tilsvarande og like godt fagleg tilbod er etablert og sett i drift. Før ombygging av aldersheimen til omsorgsbustader skjer må ein sikre seg at det er tilstrekkeleg interesse for eit slikt tilbod».

Johs Vaag understreka at dette er ei viktig sak for dei eldre. Eit av argumenta mot ei slik bruksendring er at folk i større grad skal klare seg sjølve ved bruk av lokala til omsorgsbustader. Da blir det veldig feil å etablere eit slikt tilbod på ein plass der det er fleire kilometer til næraste butikk. Til samanlikning kan vi her nemne at eldrebustadane i Todalen ligg mindre enn 100 meter frå butikken, og dei fleste bebuarane er innom butikken mesta kvar dag. Det er kanskje lurt å tenkje seg litt om i denne saka!

Nedafor har vi eit bildegalleri frå eldremiddagen og kokkeleringa i Sanitetshuset sist onsdag.   Alle foto. Jon Olav Ørsal

 

Publisert: 24. september 2014, 17:04