Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Kjøler ned før VM-kampen….

Jon Olav Ørsal Fredag 4. juli 2014

Denne gjengen venta på avspark i kampen mellom Brasil og Colombia da vi stakk innom Todalshytta fredag kveld. Vi forstod at det var knytta stor spenning til denne kvartfinalekampen i VM-sluttspelet. Det var fyrt opp på peisestua og klargjort for fotballunderhaldning og nærmare midnatt vart det nok før det vart avklaring.

Rolf Egil Haugerud hadde gått frå Ålvundeidet over Vardan til Todalen i dag og hadde hatt ein fin tur over fjellet. Han er frå Tromsø, og var på ein slags jubileumstur, 53 år etter at han var gjest på Todalshytta på tur i Trollheimen saman med ein fetter. No skulle han gjøre reprise på denne turen åleine, og laurdag skulle turen gå vidare via Romådalen til Trollheimshytta. Vidare var plana å ta ein tur til Snota og eventuelt ein kviledag, før turen gikk vidare over Mellomfjell til Gjevilvasshytta. Deretter vidare til Innerdalen og avslutning gjennom Giklingdalen til Fahle.

FotballVM_4347

Kampen er i gang, og det er full fokus mot Brasil frå peisestua på Todalshytta. Foto: Jon Olav Ørsal

Men først var det altså VM-fotball i lag med Todalingane for å få med seg resultatet frå Brasil – Colombia……

Publisert: 4. juli 2014, 23:30