Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Kjempespringfrø – fin blomster men er eit svartelista ugras

Jon Olav Ørsal Tysdag 26. august 2014

Kjempespringfrø er eit ugras som vi gjerne skulle vore kvitt, og det står på svartelista til artsdatabanken. Egentleg er det ei plante som er ført inn til landet som prydplante , men har altså kome på avvegar og fortrengjer lett stedeigne og lokale artar, fortel Gudmund Husby. Den høyrer heime i Himalya, der den veks på 1800-4000 mters høgde, og kom hit til landet i 1870-åra.

Kjempespringfro_5816

Slik ser blomsten til Kjempespringfrø ut. Foto: Jon Olav Ørsal

Planta er ettårig, og sprer frøa sine ved at frøkapselen nærast «eksploderer» og kastar frøa sine inntil 6 meter frå planta, men kan også spre frøa gjennom vatn og sjølvsagt gjennom transport av jordmassar. Den er utbredt fleire plassar her i bygda, og ein av plassane er i vegkanten ned mot Husbytrøin, der planteavfall frå kyrkjegarden er tømt. Ellers veks den lett langs elvekantar og ekkerkantar rundt omkring, fortel Gudmund, som håpar at folk tek affære og fjernar dette ugraset.

Kjempespringfro_bruset_5820

Kjempe spring frø sprer seg lett kring ekkerkantar og på elvekantar. Foto: Jon Olav Ørsal

Publisert: 26. august 2014, 16:58