Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Kjempedebut for Erik i Ranonee VM i Villars

Elinor Bolme Sundag 10. mars 2019

I dag har Erik Kårvatn debutert i randonee-VM i Villars, Sveits saman med resten av verdenseliten. Rundt 290 deltakarar fordelt på heile 31 nasjonar deltek, der Sveits, Italia og Frankrike er i ein divisjon for seg sjølv. Dagens øvelse var sprint, og både Erik og Edvard Sætran Solli gjennomførte ein fantastisk mesterskapsdebut i junorklassen, med kvar sine gode prologar som resulterte i ein 19. plass for Erik og 35. plass til Edvard.

Debutrennet unnagjort med gode prestasjonar for kompisane Erik og Edvard.

Far Gudmund er med til Villars og fortel at dagens renn gjekk langt over forventingane. -Nivået er veldig høgt, kor mange har spesialisert seg på sprint, da dette er ny grein i ungdoms-OL til neste gong. Derfor er det stas at første renn gjekk så bra, med knappe 20 sekund etter heimefavoritten Bussard.

Erik kun 23 sekund etter favoritt og vinnar Robin Bussard og endte på ein god 19. plass av 49 startande.

Heile landslaget samla før start: Edvard, Erik, Hans Inge Klette, Lars Erik Skjervheim, Vegard Øie, Stine Haustreis, Malene Blikken Haukøy, og Glenn Tore Løland

Hans Inge Klette som også debuterte i dag, tok ein imponerande 2. plass etter litt utfordringar i prologen. Eit resultat som så langt er Randoneelandslagets beste plassering så langt. Les meir på Utemagasinet: Brakk skoen, tok sølv i VM

Neste oppsatte renn for juniorane er no i greina inividuell, og skulle vore arrangert i morgon. Grunna uvêr er dette rennet flytta til tirsdag saman med seniorane. Onsdag er det vertikal, og vi reknar med å komme tilbake med fleire gode resultat for «våre» utøvarar utover veka.

HalsOil er naturlegvis sponsor for juniorane på landslaget, og Erik helsar heim til TerjeN og alle andre som no spent følgjer med.

Alle foto Gudmund Kårvatn.

Publisert: 10. mars 2019, 22:42