I dag har Erik Kårvatn debutert i randonee-VM i Villars, Sveits saman med resten av verdenseliten. Rundt 290 deltakarar fordelt på heile 31 nasjonar deltek, der Sveits, Italia og Frankrike er i ein divisjon for seg sjølv. Dagens øvelse var sprint, og både Erik og Edvard Sætran Solli gjennomførte ein fantastisk mesterskapsdebut i junorklassen, med kvar sine gode prologar som resulterte i ein 19. plass for Erik og 35. plass til Edvard.
Far Gudmund er med til Villars og fortel at dagens renn gjekk langt over forventingane. -Nivået er veldig høgt, kor mange har spesialisert seg på sprint, da dette er ny grein i ungdoms-OL til neste gong. Derfor er det stas at første renn gjekk så bra, med knappe 20 sekund etter heimefavoritten Bussard.
Neste oppsatte renn for juniorane er no i greina inividuell, og skulle vore arrangert i morgon. Grunna uvêr er dette rennet flytta til tirsdag saman med seniorane. Onsdag er det vertikal, og vi reknar med å komme tilbake med fleire gode resultat for «våre» utøvarar utover veka.
Alle foto Gudmund Kårvatn.