Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Kjempedag i Dalalia

Kjempedag i Dalalia

Jon Olav Ørsal Tysdag 26. mars 2013

Det fine påskevêret fortsett, og i dag var det ein ny fin dag i fjellet. Jo Inge Ørsal var på tur til Dalalia, og har kosa seg saman med familien.  Jo Inge har sendt oss nokre bilde frå turen, som starta frå Kårvatn og gjekk oppover lia. Dette er også eit fint utgangspunkt for turen til Tydalsnebba eller Kvennåbotn, men som familietur kan du gå så langt du vil oppover lia og finne ein fin plass for både soling og skiaktivitetar.

Nedafor finn du eit lite bildegalleri frå turen.   Alle foto: Jo Inge Ørsal

Publisert: 26. mars 2013, 20:49