Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Kjem Oscarvinnaren til Surnadal?

Steinar Hasselø Onsdag 30. januar 2019

«Green Book» vann «Golden Globe», og er også nominert til Oscar. Fredag 1. februar er det premiere på Surnadal kino.

Vi er tilbake i 1962 og ei italiensk-amerikansk dørvakt får jobb som sjåfør for ein mørkhuda klassisk pianist som skal på turne gjennom sørstatane i USA. Det var ikkje problemfritt på den tida, for å seie det slik. Og tittelen, «Green Book», viser til ein serie med vegbøker som lista opp kor det var trygt for afroamerikanarar å overnatte, fylle bensin, handle osv. Denne varme filmen er basert på ei sann historie og skildrar korleis desse to svært ulike personane utviklar eit spesielt vennskap.

Den andre premieren fredag er «Rive-Rolf krasjer internett». Det var kanskje på tide nokon tok ansvaret for det? Vel, kanskje ikkje heile nettet, sia du les dette no. Disneys Rive-Rolf er kjent frå andre animasjonsfilmar. Denne har fått aldersgrense 6 år da den har nokre scener som er litt for nifse for dei under.

Psychobitch kor også Helsesista har ei rolle.

Fram til helga vil ein vise «Aquaman» og «Psychobitch»; den siste er ein norsk ungdomsfilm som har fått veldig god omtale frå både publikum og kritikarar – og som difor også blir sett opp laurdag og søndag.

Du finn heile kinoprogrammet på https://surnadal-kulturhus.no/program-og-billettar/#kino

 

Først publisert: 30. januar 2019, 04:58 - Sist oppdatert: 29. januar 2019, 22:05