Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Kjekt å treffast til Rusletur og lunsj!

Dordi Jorunn Halle Måndag 26. august 2019

Sanitetsforeninga inviterte til KløverRUSLEtur og lunsj i Sanitetshuset måndag 26. august. Det vart ein fin dag; sol frå skyfri himmel og vindstille – da er det riktig så fint å vera på Kvennsetørå!

Glade trimmarar. Frå venstre: Dordi F, JorunnØ, Synnøve T, Dordi H, Jenny, Jorunn H, Sigrun, Helen, Marie, Ingrid, Ester Karin, Anne, Eli, Ingeborg, Nils, Kitty, Synnøve G, Ildri, Grete, Solveig. Foto: Dordi J H

Rusleturen starta frå Sanitetshuset, og kl. 11.00 var heile 24 personar på plass framfor Sanitetshuset og la ut på tur. Folk gjekk i ulikt tempo og i litt forskjellige retningar, men Kløverturgruppa passa på at alle hadde nokon å gå i lag med. Sidan dette var første Rusleturen etter sommaren, vart det uttrykt stor glede over å møtast att.

God mat og god prat, da blir det triveleg. Frå venstre: Marie, Kitty, Grete T, Ove, Grete S, Anne. Med ryggen til: Solveig, Ingrid og Jenny. Foto: Dordi J H

Etter kvart returnerte alle til basen, Sanitetshuset. Her var det dekt opp til lunsj med grovbrød, sunt pålegg, mjølk, jus og kaffe. Det er eit nytt tiltak frå Sanitetsforeninga og er støtta av Helsedirektoratet og NKS. Målet er å lage gode møteplassar i lokalsamfunnet der eldre kan kome saman til felles måltid og hygge. Til lunsjen vart det over 30 gjester ved borda. Da veret var så godt, vart det servering både ute og inne. Folk tok seg god tid rundt bord og hygga seg.

Sanitetsforeninga fekk stor takk for ei fin formiddagsstund: «Det er kjekt å bli oppvarta og sett pris på! Dette vart ein stordag!»

Fleire bilete:

Å gå tur i lag er kjekt, tre spreke damer fremst, og dei er alle over 90 år. Foto: Dordi J H

Pause på Småbåthamna. Frå venstre: Nils G, Synnøve, Dordi H, Dordi F, Sigrun, Ester Karin, Kitty, Ingeborg, Eli, Helen, Ildri. Foto: Jorunn H

Godt med finver og kaffekopp i sola. Frå venstre Synnøve, Jorunn H, Dordi, Anne Helene, Åse, Marie, Helen og Eli. Foto: Dordi J H

Karane ventar på servering. Rundt bordet: Anders, Karl Johan, Johan og Hans. Foto: Dordi J H

 

Publisert: 26. august 2019, 20:03