Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Kjøp  årsskriftet

Kjøp årsskriftet

Jon Olav Ørsal Fredag 30. november 2012

Søndag presenterte Todalen historielag sitt årsskrift, som er  nr 11 i rekkja. No er årsskriftet forlengst kome i salg, og ledar i Todalen historielag Maren Ansnes fortel at salget har gått strykande. Du kan i år kjøpe årsskriftet på bokhandelen i Surnadal, Matkroken L. Hals i Todalen og hos Joker Kvanne.  Prisen på heftet er kr 150.  I heftet er det presentert stoff både frå gammel og ny tid, og vi trur det finnst interessant stoff for ein kvar smak.

Av innhaldet kan vi nemna talen som Olav T. Halle heldt på diamantbryllupet til Sigrun og Leif Halse i 1981, der han helsa til jubilantane frå bygdefolket. Vidare får vi innføring i historia til Jobus orkester, som var pupulære dansemusikarar som turnerte Nordmørsbygdene på 60-talet. Ellers er det ein artikkel om tønneproduksjon i byga og portrett av kunstnaren Reidar Østvik og «eldregeneralen» Martinus Torvik.  Eit portrett er det også av sjømannen Nils Ansnes, og eit innslag om Høyemblakken og både omtale og dikt av todalsvenen Hans Kristiansen som nå er i sitt 99. år.

Ein interessant artikkel om veddrifta i Kleivhaugane er også med. Det var Henrik Halle og Anders Halset (Steinset) som dreiv storstila skogsdrift med ved- og tømmerhogst først på 50-talet. Dei bruka mellom anna ei vassrenne og fløting for å frakte ned veden. Dette prosjektet har også vore omtala i Vangsgutane for ei god stund sia. I fortsettinga er det eit innslag om årets historievandring i Brusetmarka, som værgudane sørga for vart ei innendørs vandring og historia som Sally Anna-Lisa skreiv i verseform om da ho kom til Svinvika frå Sverige.

Bakerst i hetet er det ei helsing til 100-årsjubilanten L. Hals Eftf som hadde stor feiring i haust i tillegg til eit prima bildegalleri med mange artig bilde frå både ny og gammal tid. 84 sider med både artig og interessant lesnad, så det er berre å «løp og kjøp»!

Først publisert: 30. november 2012, 05:00 - Sist oppdatert: 28. november 2012, 22:27