Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Kårvatnleigmålet fra Todalen historielag

Ragnhild og Ingri i scannarpatrulja Sundag 3. mai 2020

Her har vi sett saman eit utval med bilete frå Kårvatnleigmålet. Dei fleste er frå fotoarkivet til Todalen historielag, ispedd med nokre bilete frå private.  Vi viser til boka «Seterbok for Todalen» skrive av Bernt Bøe. Frå side 165 til side 187 i boka kan du lese historia om setrene på Kårvatn. Boka er å få kjøpt om du henvender deg til Todalen historielag.

Om du finn faktafeil eller har andre opplysningar om bileta, ta gjerne kontakt med oss på e-post.

ragnhild.ansnes.moe@pipielife.com ,  ingri.bruset@gmail.com

Vi har no skanna bilete for historielaget i over 10 år. Arkivet begynner å bli stort og omfattande, med tusenvis av bilete, men vi vil gjerne få skanne fleire. Når tidene blir «normale» igjen, så håpar vi at de tek kontakt med oss, så vi kan halde fram med skanninga. Dette for at vi kan få samla historia til bygda vår for ettertida gjennom fotoarkivet.

         Helsing Ragnhild og Ingri

Publisert: 3. mai 2020, 16:23