Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Kårvatn Sky Run: – Klette vart best i det lange løp!

Jon Olav Ørsal Laurdag 24. august 2019

Hans Inge klette trekte det lengste strået under Kårvatn Sky Run 43 km laurdag. Han var i mål på suverent beste tid etter å ha vore i tet meir eller mindre heile løpet og kunne skrive tida 5.28,51 som rett og slett er imponerende. 

Espen Fredriksen går i mål til ein god 2.-plass. Foto: Driva/Jon Olav Ørsal

På dei neste plassane kom Espen Fredriksen på 6.22,34 og Morten Eilifsen på 6.33,53 – rundt ein time etter Klette. Elles var det også lokale kjendisar som gjorde det godt i løpet, og vi kan nevne Kristoffer Nordvik som kom på ein 5. plass på 6.47,55 – ei tid som det står respekt av.  

Resultatliste frå løpa finn du som PDF-filerKårvatn Sky Run 29 km  – Kårvatn Sky Run 43 kmStorfjellet Opp 4 km

Morten Eilifsen vart 3. beste på 43 km løypa. Foto: Driva/Jon Olav Ørsal

Kristoffer Nordvik gjorde eit fin løp og kom i mål på 6.47,55 og imponerande innsats. Foto: Driva/Jon Olav Ørsal

 

 

Først publisert: 24. august 2019, 18:09 - Sist oppdatert: 25. august 2019, 20:53