Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Karin Halle held fram som leiar i TIL

Elinor Bolme Fredag 28. mars 2014

Torsdag kveld vart årsmøtet i Todalen Idrettslag avheldt i Todalen Ungdomshus. Vel 20 menn og ytterst få damer av ein medlemsmasse på omlag 200 hadde teke turen for å oververa møtet, der ordinære årsmøtesaker vart banka igjennom. Både årsmeldingar for dei enkelte undergruppene, rekneskap og budsjett vart godkjent etter litt forklaringar både av leiar Karin Halle og kasserar Knut Bergli.

Laget gjekk med eit solid underskot sist driftsår. Dette i hovedsak på grunn av arbeidet med lysløypa på Tjønnmyra, som no er inne i siste fase før den må ferdigstillast i juni. Først då får idrettslaget utbetalt 50% utgiftene i følge anleggssjef Nils Ove Bruset. Dette er ein del meir enn først antatt, og vil  bidra til at regnskapet rettast oppatt ved neste årsmøte i 2015.

Ellers har medlemsmassen hatt ei aukning etter at Hett & svett vart åpna. Her oppfordra styret alle som ønsker å betale medlemskontigent framover om å merkje innbetalingane godt med kven innbetalinga gjeld for. Medlemskontigenten for 2015 vart uendra, med 250 kr for enkeltmedlemmer og 500,- for familiemedlemsskap. Ungdommar over fylte 18 år i medlemsåret inngår ikkje i eit familiemedlemsskap.

God stemning rundt bordet i pausen før valget tek til.

Kaffepause med velsmakande kaker gjorde susen før leiar i valnemda Terje Nordvik dro i gang valget.  I hovedstyret var det nesten fulltallig gjenvalg. Berre kasserar Knut Bergli gjekk ut, men da rett inn som leiar i fotballgruppa i staden. Ny kasserar vart Tormod Kallseth.

Leiar i valgkomiteen var Terje Nordvik. Litt utfordringar hadde han og resten av komiteen hatt, men kom nesten i mål til slutt.

Terje Nordvik gikk igjennom valget, og fekk gjennomslag for valgkomiteens forslag. Sekretær Rune Moe noterte ned dei få endringane som vart gjeldande etter nytt regelverk vedrørande antall år som innvalde gruppeleiarar. Valgkomiteen hadde på bakgrunn av styrets forslag endra verva i dei enkelte gruppene. Tittlar som nestleiarar og økonomiansvarlege er no fellt bort, og samtlege nye leiarar vart valde for to år. Ei oppdatert styreliste vert publisert etter at korrektur er gjennomgått.

Terje Nordvik fekk fortjent blomster for sin iherdige innsats i idrettslaget.

Terje Nordvik fekk også blomster av leiar Karin Halle, ikkje fordi han gjekk av, men fordi han rett og slett fortjente det for sin innsats.

 

 

Publisert: 28. mars 2014, 20:00