Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Kanskje blir det CD?

Jon Olav Ørsal Sundag 23. februar 2014

Laurdag var Stangvik kyrkje rigga om til eit enkelt lydstudio. Det var felleskoret, Åsskard kyrkjekor og Todalskoret som gjorde opptak av heile sitt reportoar gjennom ei årrekkje. -Det er mest for at det er artig å ha for oss som har halde på med dette, eit slags minnealbum, seier Bernt G. Bøe som er dirigent for begge kora. Blir det bra, så kan det hende de at vi lagar ein CD som vi kan tilby til sals.

Felleskoret_StangvikKyrkje_8808

Felleskoret gjorde lydopptak i Stangvik kyrkje. Framfor frå ventre Ann Magrit Botten, May Elisabeth Holten, Borghild B. Talgø, Nora V. Bøe, Sigrid V. Bøe, Randi V. Bøe, Kari Sæther, Kirsten B. Bøe, Liv Marit Polden og Inger garte. Attafor frå venstre Gunnvald Bøe, Bernt G. Bøe, John Moe, Øystein Moe og Einar Husby. Framfor med trekkspell Peder Hønsvik. Foto: Jon Olav Ørsal

Bernt har vore dirigent for begge kora gjennom ei årrekkje, og på reportoarat har dei hatt eit stort utval av slagere og kyrkjemusikk. Laurdag «pløyde» dei gjennom heile utvalet, og fikk gjort opptak. Bernt seier at det enno står att mykje arbeid med redigering, sjølv om alle opptaka no er i boks.  -Så får vi sjå og høre korleis resultatet vart, seier han, men vi reknar med at det blir ein CD av dette til hausten ein gong.

Vi fikk være tilhøyrarar på eit par av dei siste opptaka som vart gjort, og vi borgar for kvaliteten på songen og gler oss til at resultatet kjem i sal som CD!

Stangvik_Bondehuset_kyrkja_8825

Stangvika med Bondehuset, Prestgarden og Stangvik kyrkje. Foto: Jon Olav Ørsal.

Publisert: 23. februar 2014, 11:52