Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Kanonartigt å varra her!

Kanonartigt å varra her!

Jon Olav Ørsal Onsdag 25. juli 2012

Med disse orda ønska Eirik Husby velkomen til konsert og plateslepp på Pakkhuset Kro på Todalsøra. Når også finvêret kom i rett tid, instrumenta var stemt og publikum var på plass, da var det klart til å sette i gang med opningsmelodien ”We are in this together”. Og publikum tykte også dette var kanonartigt, og var med frå første strofe, da Husbybrørne Eirik, Lars Olav og Jan Peter hadde plateslepp på EP’n ”Come with me” tysdag kveld.

Det var fullt hus på Pakkhuset, med 60-70 tilhørarar i kroa og på verandaen, var det full trøkk frå første låt. Eirik & Co tok publikum med storm, og fekk skikkeleg respons hos publikum i form av applaus og jubel. Det var publikummarar i alle aldrar på konserten, og alle var begeistra for det dei fekk servert frå scena og var med klappa og trappa takta. Under konserten kjørte ”Snow On A Mountain”, som orkesteret heiter, gjennom eit program på 10 melodiar før dei runda av med tittelmelodien ”Come with me”.

Eirik Husby har sjølv skrive all tekst og musikk både til dei 4 låtane på EP-plata og dei andre melodiane dei framførte. Det stor målet har lenge vore å gi ut ei plate og ha platesleppet heime i Todalen. Tysdag kveld gjekk dette ønsket i oppfylling, og det var ein utruleg glad og nøgd musikar vi kunne slå av ein prat med etter konserten.

Med seg i orkesteret har han altså brørne Lars Olav og Jan Peter Husby. Dei har alle hatt tilhald i Oslo den siste tida, og har hatt ein del spelejobbar i Oslo-området den siste tida. Responsen på platelanseringa på Pakkhuset tysdag kveld legg nokk ikkje akkurat nokon dempar på vidare satsing på musikken, sjølv om det enno er på hobbybasis for dei alle. Og vi som er publikum får nok høyre meir frå ”Snow On A Mountain” i tida som kjem.

Nedafor finn du nokre bildeglimt frå premierekonserten på Pakkhuset Kro på Todalsøra. Alle foto: Driva/Jon Olav Ørsal

Publisert: 25. juli 2012, 10:44