Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Kaldvêret fortsett – men litt mildare etter kvart

Jon Olav Ørsal Torsdag 14. januar 2021

Natt til torsdag var nok den kaldaste natta så langt i år, med 14,4 minusgrader på gradstokken i 7-tida og 14,9 som minimumstemperatur i løpet av natta.  Kaldvêret skal fortsette vidare utover til laurdag, men frå søndag blir det etter kvart mildare skal e8in tru på vermeldinga på yr.no.

Kikar ein på temperaturane rundt om kring så skal ein ikkje så langt før ein finn 20-talet og skal du over Dovrefjell kan du sjå vêret her.

Egentleg så dreier det seg berre om å kle seg godt så er det godt å kome seg ut i kulda.  Todalen I.L. reklamerer med godt skiføre og fine løyper på Tjønnmyran og dit er det berre å ta turen både på dagtid og til lysløypa på kveldstid.  

Publisert: 14. januar 2021, 14:02