Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Kaldt, men mildvêr i vente…

Kaldt, men mildvêr i vente…

Jon Olav Ørsal Onsdag 13. februar 2013
I går var det på dagen 19 år sia «kulde-OL» i Lillehammer starta, skriv Jon Bruset i ein e-post til redaksjonen. «Februar i 1994 vart ein av dei kaldaste i manns minne også her lokalt. Her på Småhjellan vart det målt kaldare enn -10 grader i 20 døgn i februar dette året. Mellom 4.februar og 2.mars i 1994 var temperaturen over 0 grader i kun 1 døgn !
På andre enden av skalaen ligg februar 1990 og 2008, da vart det registrert max. temp. over 0 i alle døgn! Det samme skjedde også i desember og januar 1992. Dei fleste hugsar vel også januar og februar 2010. Da vart det målt 15 dagar i januar under -10 grader eller lågare og 17 dagar i februar. I februar kom 12 av desse dagane etter den 15.! Får håpe dette ikkje gjentar seg i år?»
No ser det ut for å bli vêrforandring. Eit par dagar til med kaldvêr blir det nok, før det blir omslag til mildvêr og regn etter meldingane på YR.NO. Frå laurdag ettermiddag til måndag blir det meldt regn, men det er store variasjonar i vindretninga, så det er usikkert kor mykje vi kan rekne med. Frå måndag vil det nok bli betre igjen, med sør- og austleg vindretning, men framleis mildt.
Publisert: 13. februar 2013, 23:01