Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Kald start på Laksefestivalen

Jon Olav Ørsal Fredag 22. juni 2018

Vêrgudane sørga for ein kald start på årets laksefestival, som starta torsdag kveld med familiearrangement ved Glønavatnet på Nordmarka. Torsdag opna marknadsgata med mange boder, der det vart tilbydd alt mellom himmel og jord.  Det var in del folk i gatene mellom regnbygene, og det var fleire av utstillarane rapporterte bra sal på opningsdagen.

Gjengen frå Kårvatn Fjellustyr var godt nøgde med salet den første marknadsdagen. Frå venstre Fredrik Thoresen Sletten, Gudmund Kårvatn, Sondre Ormset og Ida Mogstad. Foto. Jon Olav Ørsal

Men når gradstokken viser 8-9 grader, og nasedråpen sig fram, så sier det seg sjølv at det blir litt håplaust i friluft. Men både utstillarar og publikum kan gle seg over a det blir betre vêr på laurdag og søndag og da blir det nok atskillig meir fart i marknadsgata på Skei.

På fredagens program var det premiere for marknadsgata som var opa fram til kl 19, og den opnar igjen alt kl 10 laurdag og held da koken fram til kl 18. Fredag kveld var det opning med danseoppvisning med ei dansegruppe frå kulturskulen på hovudscena.  Dei var utruleg dyktige, og vise eit par nummer frå sitt danseprogram.  Vi nytta også høvet til å sjå på inneaktivitetane den stunda da det regna som verst. Det er i år to festivalutstillarar – Tove Monseth som stiller ut sine flotte og eksperimentelle bilder og Marthe M. Maalø som stiller ut glasskunst, maleri og keramikk. Vi anbefaler å ta ein tur innom galleri Finstua i kulturhuset.

Tove Monseth er festivalutstillar og har utvikla ein artig og avansert fototeknikk – verdt å ta ein tur og sjå! Foto: Jon Olav Ørsal

Den andre festivalutstillaren er Marthe M. Maalø som jobbar med blant anna glasskunst. Foto: Jon Olav Ørsal

Bygdebokkontoret hadde stand i kulturhuset. No arbeides det med bind 3 som går frå Kanne og oppover lykkjebygda – neste blir Øvre Surnadal som kjem neste år. Frå venstre Lars Polden, Lars Jostein Bævre og Tove Mogstad. Foto: Jon Olav Ørsal

Inne på kulturhuset hadde også bygdebokkontoret ein stand – her kunne du kjøpe dei to bygdebøkene som er ferdige – sågar tilbudspris dersom du kjøper begge to. I tillegg informerte dei om arbeidsmetodar og om bok nr 3 som kjem i haust og omhandlar strekninga frå Kvanne og oppover Lykkjebygda og om den fjerde boka som dei og er i gang med – om Øvre Surnadal. På programmet vidare utover fredagskvelden står fiskekonkurranse kl 19 og konsert med «Byting og Katastrofe» frå kl 21

Her finn du bildeglimt frå dagens arrangement under Laksefestivalen   – alle foto: Jon Olav Ørsal

Her kan du sjå laurdagens program:

LØRDAG 23. JUNI

 
NÅR? HVA? HVOR?
  Camp Villaks Skeishølen
10.00 – 18.00 Martnadsgate Sentrum
10.00  Energikampen Torgplassen
11.00 – 16.00 Lynsjakk Bod i martnadsgata
12.00 Strongman Ved Surnadal sparebank
12.00 – 21.00 Thomas Tivoli AMFI Surnadal
13.00  AMFI Talenter AMFI Surnadal
15.15 Premieutdeling fiskekonkurranse Torgplassen 
16.00 Minnekamp for Snorre Larsen Syltøran stadion
21.00 – 01.00 Utekonsert med Ship of Fools og Stage Dolls Hovedscenen

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Først publisert: 22. juni 2018, 20:47 - Sist oppdatert: 23. juni 2018, 10:06