Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Kald september

Kald september

Jon Olav Ørsal Måndag 4. oktober 2010

Jon Bruset har drive med registrering av maksimum- og minimumstemperatur dei siste 20 åra. Gjennom denne perioden har det til dels vore store sprik i begge retningar. I år har det vore 3 frostnetter på Småhjellan i september, og det er rekord. Det er berre registrert eit par minusgrader, men kunderekorden i perioden stammar frå 1995. Da vart det reistrer -3,9 den 30. september.

Tidlegaste frostnatta kom i 1993, med -1,5 den 15. september. Og for å spe på med enda meir tal kan vi nemne at varmaste september var i 1999, med 11 dagar med maksimumstemperatur på +20 grader eller meir.

Oktober har starta med heilt anna temperaturar. Natt til måndag vart det registrer maximumstemperatur på 19,0 på Småhjellan. medan rekorden for oktorber står frå 2005, da det vart registrert 25,6 grader og med 6 dagar over 20. Kulderekorden for oktober står frå 1992, da det var -9,5 grader ein dag, og det var registrert 18 dagar på rad med minusgrader.

Publisert: 4. oktober 2010, 22:21