Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Kald  maimånad?

Kald maimånad?

Jon Olav Ørsal Sundag 6. mai 2012
Vi er enno i startfasa på maimånaden, men det tyder på at det blir ein kald månad. Det har vært frost både i natt og i gårnatt, og langtidsvarslet på yr.no tyder på at det blir kaldt i fortsettinga også. Jon Bruset har registrert minimums- og maksimumstemperaturar på Småhjellan, og har sjekka stoda frå mai 1990 og fram til no. Han fortel at for omtrent halvparten av åra har det ikkje vært minusgrader i mai. Det «værste» året var 1995 med 9 frostnetter.
 
Lågaste mai-temperatur kom 5.mai 1997 med -2,8. Seinaste frostnatta kom 23.mai 1994 med -0,7. I juni er det ikkje registrert frost på Småhjellan etter 1990. I 2011 var det ei frostnatt i mai, medan mai 2010 hadde heile 7 frostnetter.
 
Det var imidlertid meldt om snø heilt ned til 200 meter i går, men sjølv om det laurdag var nokre snøfiller i bygene så var det ikkje nok til at snøen la over.
Først publisert: 6. mai 2012, 11:01 - Sist oppdatert: 7. mai 2012, 07:34