Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Kald julegrantenning

Kald julegrantenning

Jon Olav Ørsal Sundag 5. desember 2010

60-70 små og store todalingar trossa kulda og kom til plassen utafor ICA Todalen for å ta del i julegrantenninga og for helse på nissane som kom ut frå mørkret. Reknar med at det var nissane frå Kvennsetdalen som var ein tur ned i bygda for å sjå om det var snille ungar på Kvennset i år. Presis kl 17 tente lysa på den fine julegrana som PT-utvalget hadde ordna. PT-utvalget sørga også for servering av gløgg og pepparkaker, og det var nok mange som kosa seg med gløggen samtidig som dei fekk varma fingrane på begeret.

Og nissane hadde sjølvsagt med seg store sekkar som var fullstappa av små gåver til dei minste. Det var stor stas, og spanande å sjå kva nissane hadde funne på i år. Gradstokken kraup temmeleg langt ned på skalaen, og i minus 10 eller der omkring var det nok for kaldt til at det vart gang rundt juletreet. Men det går det an å ta att ved eit seinare høve.

Nedafor finn du eit lite bildegalleri frå ein blåfrossen  nissefotograf.    Alle foto: Jon Olav Ørsal

Publisert: 5. desember 2010, 20:00