Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Kald fornøyelse med seier til SIL

Elinor Bolme Tysdag 17. september 2019

Nystekte bakels, lunka smørgraut og glovarm kaffe gjorde susen for publikumarane som tok turen til Bordholmen for å få med seg lokaloppgjøret mellom KUST og Surnadal 1 i kveld. KUST-laget  tok leiinga frå start og med god hjelp frå ein habil keeper Tor Asbjørn Karlsen vart det så heimelaget leda til pause.

I pausen fekk Surnadal beskjed om å konsentrere seg litt meir av trenar Råg Schei, og det såg ut til å vere oppskrifta. Surnadalsgutane tok dermed over kommandoen og vann til slutt komfortabelt i eit retteleg grisvêr.

KUST sin keeper Tor Asbjørn Karlsen tok det meste i første omgang. På scoringslista kom Sivert Sogge, Marius Kvande, Orion Fossen Sæterbø og Steinar Normann Stenberg.

Surnadal var farlege framom målet til KUST i 2. omgang.

Takk for kampen!

Kalde og våte, men med bakels og graut i sikte så var humøret likevel på topp. Her er berre Søya og Todalen sine spelarar, da gutane frå Kvass/Ulvungen tok tene fatt umiddelbart etterpå for å rekke ferga.

Publisert: 17. september 2019, 19:52