Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Kaia til fergeleiet er under oppsetting

Kaia til fergeleiet er under oppsetting

Elinor Bolme Torsdag 8. august 2013

I ettermiddag kom MS Førdefjord  inn fjorden med første ladning av det nye fergeleiet som må oppsettast for at ferga skal kunne legge til kai i Todalen. Frå kommunen var rådmann Knut Haugen  og einingsleiar for nærin og utvikling Harald Bredesen på plass for å ta i mot mannskap og arbeidarane som vart frakta inn.

Rådmannen fortel at eksisterande kai skal utbyggast med 21 meter. Denne blir montert på Rykkjem, og vil bli fløta inn til Todalen i løpet av morgondagen. Det er enno uvisst kvar ferga blir liggande på natt, men kaianlegget på Rossåa er uaktuelt. Alternativa i Todalen er Ansnes Saga eller Todalen Brygge.

Det har tidlegare vore nemt at ferga har ein kapasitet på 35 personbilar. Dette er ikkje tilfelle. I 1970 var ho bygd med ein kapasitet på 30 personbilenheter, men fordi standaren på ein bil frå 1970 til 2013 har endra seg kan ho etter dagens standard berre ta 25 sier Jonas Sjøasæter Holm. Driftssjef i Fjord 1. Bilane har med åra vorte større, og dermed minkar kapasiteten tilsvarande.

Under er nokre bilder frå den spede start av monteringsarbeidet. Foto ElinorB og Ronny Kvande

Først publisert: 8. august 2013, 21:21 - Sist oppdatert: 9. august 2013, 06:28