Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Juleverkstad ved Start 4H

Juleverkstad ved Start 4H

Marte Talgø Torsdag 3. desember 2009
Eivind Bolme i sløydgruppa. Foto: Marte Talgø

I kveld var det juleverkstad på Todalen skule ved Start 4H. Det var bra med folk, og det var nokon i alle gruppene. Det var tre grupper å velgja mellom, desse var sløyd, baking og kortlaging.

Det var mange frivillege hjelparar med, og det sett vi i styret pris på. Det var god stemning og ein koseleg kveld.

Ola Haugen Ansnes på sløyd. Foto: Marte Talgø

Det blir ein kveld til med juleverkstad og. Neste torsdag, 10. desember, er det bare å komme, og få med fleire også. Hugs at det er aldersgrense frå 1. klasse.

Vi minner også på om at det er bytur laurdag, 5. desember. Det er Start 4H som arrangerer dette. Det er ingen aldersgrens, verken opp eller ned. Så om det er nokre «gamle» kjerringer som vil vere med, bare møt opp.

Thea Saksen Ulvund og Emma Saksen Ulvund lager julekort. Foto: Marte Talgø

Vi slipper av folk på City Syd, så køyrer bussen vidare til Heimdal for å køyre gokart, spille bowling og mykje anna morosamt. Små barn bør ha med foresatte.

Møt opp på ICA (Hals) kl 09.00 eller på kulturhuset kl 09.20. Bussen kostar 100 kr tur retur.

Vel møtt!

Først publisert: 3. desember 2009, 22:55 - Sist oppdatert: 28. juni 2010, 04:27