Juleverkstad og julegrantenning
Søndag inviterer Todalen Sanitetsforening alle som har lyst til førjulstreff i Sanitetshuset. Dette er ein Ã¥rleg tradisjon, der dei ungane som er fødde det inneværande Ã¥r er spesielt inviterte for Ã¥ fÃ¥ “Barnas lykkeskilling”. I fjor vart det òg arrangert juleverkstad, noko som vart sÃ¥ populært at dei gjentek det i Ã¥r og. Her vil det bli bÃ¥de klipping, liming og teikning, i tillegg til servering av nissegraut. OgsÃ¥ biletet “PÃ¥ vei hjem” av Elisabeth Aas som det har vore mulegheit til Ã¥ ta lodd pÃ¥ gjennom heile Ã¥ret vil bli trekt i løpet av ettermiddagen.
Undervegs vil det og bli ein og annan julesongen. Saniteten brukar samtidig å dele ut juleblomster til alle over 80 år i Todalen, og er du i den årsklassen og møter opp, vil du få med deg den heim denne dagen. Til slutt blir det kaffe med noko attåt og utlodning før ein kan avslutta dagen med julegrantenning på Hals. Her vil det bli juletregang, pepperkaker og gløgg lovar det nyvalde PT-utvalget. Nissen tek nok òg turen innom med sekken full av pakkar til ungane.
Arrangementa har i år som ved tidlegare høve hatt felles markedsføring. Plakaten på det kan du sjå her





































