Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Juletorg på låven i arboretet

Juletorg på låven i arboretet

Jon Olav Ørsal Måndag 28. november 2011

I Svinviks arboret er dei alt komne i julestemning. Laurdag 3.desember kl. 13 – 16 blir det jultorg i arboretet igjen! På låven vil du finne mange gode og grøne idear til å lage sjøl, handle, sjå og smake på. I Svinviks arboret kafé blir det stemningsfull adventsstund under stjerna.

Surnadal museum arrangerer for tredje gong jultorget i arboretet. Her er den stemningsfulle førjulsopplevinga og inspirasjon til å lage fine og gode saker frå naturen like viktig som å treffast og gjere ein god julehandel. I Svinviks arboret kafé vil det lukte krydder heile dagen – med nydeleg førjulskake og varm suppe like eksotisk som hagen!

Som før er stikkorda for utvalget: Bunde, tvinna, dreidd og pussa….hekla, sauma, strikka, tredd….plukka, sylta, safta, trilla…tørka, trykt og takkesteikt. Kort og godt:  –  litt tå kvart!   Alle er velkomne til eit stemningsfullt jultorg og til kafékos i arboretet!  Her finn du plakaten for nedlasting.

Publisert: 28. november 2011, 23:06