Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Juletonar i Todalen

Jon Olav Ørsal Tysdag 18. desember 2018

Onsdag kveld 19. desember kl. 18.00 blir jula «sungen inn» i Todalen kyrkje. Koret P17, organist og pianist Tor Strand, operasopran Sigrid Vetleseter Bøe og fleire deltek. Programmet består av kjent og kjært julestoff – ispedd tonar du neppe har høyrt før. Songar frå eit dusin nasjonar er samla under tittelen «Jul utan grenser».

Koret «Prosjekt 17» syng «grenselaus» julemusikk. Foto: Bernt Bøe

Koret opptrer både som blandakor, mannskor og damekor og byr på alt frå små viser til «Julemotett» av Alnæs og «Hallelujakoret» av Handel. Ein perle er originalversjonen av «Stille Nacht» (Glade jul), som har 200-års jubileum denne jula. Den blir sungen av damene i P17.

Sigrid Vetleseter Bøe byr på klassiske juletonar. Foto: Bernt Bøe

Sigrid Vetleseter Bøe er heime frå Berlin på førjulsvisitt og vil framføre «In the bleak midwinter» (Holst) og «Mariae Wiegenlied» (Reger). Tor Strand gir songarane tonefølgje og testar det nyrestaurerte orgelet med Julevariasjonar av 1700-talskomponisten Balbastre. Og så blir det sjølsagt fulltonande allsong – med aktiv forsamling assistert av orgel og korsatsar oppå julesalmane.


Publisert: 18. desember 2018, 06:36