Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Juleroser frå Sanitetsforeninga

Dordi Jorunn Halle Torsdag 12. desember 2019

Todalen sanitetsforening har ein lang og god tradisjon i å gi eldre i bygda ei blomsterhelsing før jul. «Vi ønsker å glede velvaksne todalingar i adventstida», seier Maren Ansnes som er leiar i foreininga.

Sanitetsforeninga har alltid tenkt omsorg i nærmiljøet og har gjennom alle år vist stor givarglede. Det er ingen som hugsar akkurat når foreininga starta med å gi julegleder før jul, men det var alle fall i ei tid da det var mindre overflod, og det å få ein juleblomst vart sett kjøle stor pris på. Men julehelsinga blir motteke med stor glede no, og; eit hyggeleg lyspunkt i mørketida!

Arndis er klar for tur rundt bygda med julehelsing frå Sanitetsforeininga. Foto: Dordi J H

Dei første åra var det alltid juleglede som var helsinga frå Sanitetsforeininga, seinare vart det julestjerner for dei var meir haldbare. Men det viste seg at julestjernene kunne vere eit problem for allergikarar. Dermed vart det raude ildtoppar, og no dei siste åra har todalingar over 80 år fått juleroser. Det er triveleg sanitetsarbeid å kjøre rundt med blomster og få ein god prat.

Sigrun har fylt 80 år, ho har vore medlem i Todalen sanitetsforening i meir enn ein mannsalder. Ho var i mange år kasserar. Julerosa må ho dele med kallen Johan. Foto: Dordi J H

Det er styremedlem Åse Johanne Ville Redalen som er organiserer innkjøp og utdeling av juleblomster. Ho fortel at i år vart det utdelt 31 juleroser. Som nemnt får alle som er 80 år og eldre i bygda, blomsterhelsing, i tillegg får dei som bur i Sanitetshuset og  todalingar på sjukeheimen i Surnadal juleblomster. Det blir også gjeve blomster til dei ulike avdelingane på Sjukeheimen og omsorgsbustadene. Her pyntar blomstrane opp på fellesstuene.

«Det er ein god tradisjon å hugse på dei eldre i bygda, så dette vil halde fram med», seier Maren og Åse.

Maren er klar for avreise til Surnadal sjukeheim med blomster. Åse er glad for at alle helsingane no er sendt ut. Foro: Dordi J H

 

 

Publisert: 12. desember 2019, 20:16