Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Julekonsert med Pønsj i Todalen

Bernt G. Bøe, musikalsk leiar P17 Onsdag 4. desember 2019

Vokalensemblet Pønsj er hovudattraksjon når juletonar fyller Todalskyrkja søndag kveld. Dertil blir Nina Braaten og arrangørkoret Prosjekt 17 å høre.

Sekstetten Pønsj vart danna i 2015. Songarane er eller har vore medlemmer av det kjente koret Ensemble Dali. Gruppa syng både julemusikk og andre ensemblesongar. – Vi har konsertert fleire stader i Midt-Norge og også i utlandet, seier Eilif Odde, TK-journalisten og songaren som i haust kontakta P17 om denne konserten. – No gled vi oss stort til å besøke Todalen!

Prosjekt 17 både syng og arrangerer. (Foto: Bernt Bøe 2018)

Prosjekt 17 er vertskap og opptrer både som damekor, mannsgruppe og blandakor med julemusikk frå mange kantar av verda – også frå Nordmøre. Eit gripande 75-årsminne blir såleis møtet med «Julesong på Grini». Teksten vart laga av Høgtun-rektor Olav Grytli frå Torvikbukt under krigsfangenskap jula 1944, og medfangen Knut Kallset frå Bøfjorden sette musikk til.

Nina Ryan Braaten blir for første gong å høre i Todalskyrkja. (Foto: Privat)

Nina Ryan Braaten er gjestesolist. Ho er frå Nes på Romerike og har nyleg slått seg ned i Todalen.
– Eg har sunge heile livet og har ganske brei musikksmak – ikkje minst jazz, seier ho. Søndag syng ho jazzinspirerte julelåter saman med konsertens akkompagnatør Tor Strand. Dessutan er allsong ein viktig programpost. Julesongskatten er jo felleseige!
Konserten er støtta av Gjensidige, Surnadal Sparebank, TalgøMøreTre og Todalen sokneråd.

Først publisert: 4. desember 2019, 00:01 - Sist oppdatert: 3. desember 2019, 20:50