Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Julegrantenning  på  Matkroken

Julegrantenning på Matkroken

Elinor Bolme Måndag 26. november 2012

Førstkommande søndag kl 17.00 (etter familiegudstjenesta) inviterer PT-utvalget i Todalen til den årlege julegrantenninga. Vi skriv då 1. søndag i advent og vi er offisielt inne i førjulstida. PT- utvalget lokkar med både nissar, godteri, gløgg og utlodning. Så her er det berre og kle seg godt og møte opp til ei sosial stund ved butikken.

Sjå heile plakaten her: jULEGRANTENNING 2012

Publisert: 26. november 2012, 22:28