Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Julegrantenning med ny vri

Jon Olav Ørsal Laurdag 30. november 2019

Laurdag ettermiddag var det julegrantenning i julegata på Kvennset. I år var det ny vri på arrangementet, og det va sett opp eit handletelt og arrangert julemarked.  Det var nok suksess, for det trekte ekstra mykje folk til arrangementet, og skikkeleg god julestemning med ekte julenissar.

Det var god stemning i torgteltet og handelen gikk jamnt. Foto: Jon Olav Ørsal

Det var mange som hadde etablert stand på julemarkedet, og det såg ut som handelen gikk bra og at mange varer skifta eigar. I tillegg var det loddsal og utdeling av gløgg til både store og småe. Julenissane, som var heilt ekte – den eine kom frå Kvennsetdalen, og den andre frå Romådalen, og dei hadde med seg gåver som dei delte ut til borna.

Vi har mange bilder frå julegrantenninga, og her kan du sjå om du «treffer» kjentfolk på julemarkedet på Kvennset!  Alle foto: Jon Olav Ørsal

Publisert: 30. november 2019, 19:29