Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Julegrana på plass i Trudvangkrysset

Jon Olav Ørsal Sundag 3. desember 2017

Det er ein etablert tradisjon at julegrana i Brusetmarka tennes 1. søndag i advent. Slik av det også i år, og seremonien kom akkurat mellom to regnbyger da dei fleste innbygjarane frå Bruset til Kårvatn var samla til julegløgg og anna godt i samband med julegrantenninga.

«Mann av huse» til julegrantenninga og gløggservering i Brusetmarka søndag kveld. Foto: Jon Olav Ørsal

Det er Brusetmarka vel som sørger for beslysning og gløgg, medan Kristen Bruset er lokal leverandør av juletre.  Det er triveleg å samles til julegrantenning på slike mørke haustkveldar og sjølvsagt var det stor stas for borna. 

Flott juletre med lys i mange fargar, plassert midt i Trudvangkrysset. Foto: Jon Olav Ørsal

Publisert: 3. desember 2017, 20:40