Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Juleavslutning etter 35 arrangement i 2012

Juleavslutning etter 35 arrangement i 2012

Martinus Torvik, Eldremiddagen Torsdag 6. desember 2012

Eldremiddagen i Todalen serverte  sin tradisjonelle og mykje velsmakande julemiddag med 30 gjester til bords i går den 5. desember. Dette var årets 35. arrangement og kokkane  Brit Nordvik, Jorunn Ness, Karen Johanne Talgø og Grete Torvik samt Bodil Kvendset, som var med i teamet i første halvår, fekk  alle ei velfortent blomsterhelsing.

No tek Eldremiddagen ein pause fram til 9. januar 2013. Frå da av er det full trøkk att. Vonar på godt frammøte i det nye året. Til sist; god jul og godt nyttår til alle våre gjester og dei mange gode hjelparane!

Alle foto: Reidar Østvik

Først publisert: 6. desember 2012, 21:00 - Sist oppdatert: 7. desember 2012, 12:29