Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Jubileumsfesten for Todalen misjonsforening er avlyst

Dordi Jorunn Halle Fredag 13. mars 2020

Melding frå Todalen misjonsforening:

Jubileumsfest avlyst

Med bakgrunn i corona-situasjonen og etter råd frå øvste hald ser vi oss nøydde til å avlyse 175-års-jubileumsfesten for Todalen misjonsforening laurdag 14. mars.

Vi vil i staden halde dørene opne på Eidet bedehus frå kl 16.00 laurdag, det tillyste tidspunktet for festen.

Dei som vil, kan då kome innom for ein kaffi og noko å bite i, synge litt saman, og kan hende få ein god samtale om det som skjer. Det vil også bli eit innslag om kvifor vi hadde tenkt å halde jubileumsfest for 175-åringen Todalen misjonsforening.

Publisert: 13. mars 2020, 11:36