Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Jubileumsfeiringa for Todalen kyrkje

Jubileumsfeiringa for Todalen kyrkje

Elinor Bolme og Jon Olav Ørsal Sundag 18. september 2011

Søndagens jubileumsgudsteneste vart ei verdig markering av 150-årsjubileet for Todalen kyrkje. Det var ei utruleg fin gudsteneste, med nærare 140 tilhøyrarar. Det var i høve jubileet besøk av prominente gjestar,  som biskop Ingeborg Midttømme, prost  Gerd Aarset, samt Erling Barman som tidlegare var sokneprest i Stangvik (1979 -1987), i tillegg til sokneprest Bernt Venås. Det heil starta med inngang i prosesjon, der Bernt Bøe for høvet har skrive ein ny inngangssalme ”Eg er glad”.

Vidare fekk vi inngangsord ved prost Gerd Aarset og preike ved biskop Ingeborg Midttømme. Midttømme var imponert over jubileumsarrangementet for Todalen kyrkje, og nemnte jubileumsskriftet og feiringa av konfirmantjubilantane og dåpshandlinga som var ein del av programmet.

Sokneprest Bernt Venås presenterte dei fire konfirmantane for 2012 for kyrkjelyden og utførte dåpshandlinga da Edmund Talgø-Moen vart døypt.

Todalskoret deltok også i kyrkjejubileet og det var ein fyldig og fin salmesong i kyrkje under jubileumsgudstenesta. Til slutt var det nattverd for den som ønska, før første del av jubileumsarrangementet vart runda av.

Etter gudstenesta bar det til Todalen Ungdomshus for å fortsette feiringa. Her stod det svinesteik og heimlaga karamellpudding på menyen, og det var ikkje mange som gjekk svoltne frå bordet. Bernt Venås var toastmaster og held orden i rekkjefølgjen av dei mange som ville ønskje jubilanten med dagen. Heriblant både biskop Ingeborg Nordtømme og prost Gerd Anne Aarset.

Etter ein beinstrekk i det fine veret, fortsatte selskapet over ein kopp kaffe og eit bugnande kakebord. Her var gamlepresten Eivind Barmann fram og takka så mykje for invitasjonen. Han hadde to innbydelsar å velgje mellom denne helgja, men tykte det var serdeles lett å kunne velgje Todalen si 150-år markering. Ellers kom Jenny Kari Talset med helsinga frå 50-årskonfirmantane.

Kyrkja fekk og materielle goder; ein gavesjekk frå Surnadal kommune og to bileter av kyrkja. Det eine, ei teikning, frå Stangvik sokneråd og det andre ein akvarell måla av Lisabeth Storslett gjeve av etterkommarane etter søstrene Halle.

Under er to galleri. Eit frå jubileumsgudstenesta og eit frå jubileumsfeiringa i Ungdomshuset.

Først publisert: 18. september 2011, 22:58 - Sist oppdatert: 19. september 2011, 07:01