Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Jubilerte  med  63-konfirmantane

Jubilerte med 63-konfirmantane

Jon Olav Ørsal Sundag 8. september 2013

1963-årgangen konfirmantar ved Todalen kyrkje var laurdag kveld invitert til jubileumsfest i Todalen kyrkje. 10 av dei 11 jubileumskonfirmantane deltok på jubileumsfesten, saman med neste års konfirmantar og godt med frammøtte bygdefolk. Tilsaman nærare 60 deltakarar som vart traktert med velsmakande biffgryte og undehaldning frå lokale krefter.

Terje Nordvik, som er fungerande ledar i soknerådet medan Ildri Øyen er på ferie, ønska gjestane velkomne og intoduserte kveldens toasmaster som var Bernt Venås. Vensåa kunne invitere på velsmakande biffgryte frå Knut Halsets kjøkken, før kveldens underhaldningskrefter vart introdusert. Håkon Vang Aas heldt eit arti bildekåseri frå turen «Norge på tvers» , som gikk frå Femundsmarka til Todalen sommaren 2012, saman med kameraten Bersven Røkkum.

Terje Nordvik introduserte TodalsQuiz, og delte salen i 8 lag som kjempa få flest rette av dei varierte spørsmåla. Dette engasjerte publikum, og det vart beinhard konkurranse om poenga. I tillegg til fleire allsongar var det underhaldningsinnslag både, verbalt og  song, med Martinus Ranheim.  Jon «Jostu» Husby gjorde stor lykke med sin eigen lyrikk som han kalla «Valgets kvaler», som munna ut i at han ville stemme blankt under årets valg.

Jubilantane bidro med muntre minner frå konfirmasjonstida med sokneprest Sigurd Ingvaldstad.  Bernt Venås delte ut boka om kyrkjehistoria til jubilantane, og inviterte alle til gudsteneste for konfirmantjubilantane søndag kl 11. Til slutt vart det runda av med kaffe og «lukket valnøtt», samt lotteri med mange gevinstar og stort loddsalg.

Bildegalleri frå konfirmantfesta i Todalen ungdomshus.    Alle foto: Jon Olav Ørsal

Publisert: 8. september 2013, 00:06