Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Jostu er digitalisert!

Jostu er digitalisert!

Jon Olav Ørsal Måndag 11. februar 2013

Endeleg er den digitale revolusjon nådd til Jostua. Jon Bjarne og Liv Ingrid har lenge vore i tankeboksen og lurt på om dei skal kjøpe seg PC. Løysinga vart nok 70-årsjubileet, for da dukka det opp ein kartong der det stod ACER på sia. Det var bursdagshelsinga frå juniorane som bor i Oslo, og innhaldet var ein splitter ny og moderne PC med Windows 8 installert. Dermed hadde dei fått eit dytt i ryggen, og da var ikkje vegen så lang for å kontakte Svorka Aksess for å få installert breiband.

Etter nokre dagar venting, kom montøren og installerte breiband. Og da var sjølvsagt vegen kort til Todalen.no, og lokale nyheiter på nettet. Da vi  stakk innom søndag kveld var det full aktivitet, med Jon sjølv ved spakene og Liv Ingrid ved sia av som konsulent og rådgjevar. Så no får nok trekkspellet ein konkurrent i PC’n, eller kanskje det kan bli eit samarbeid mellom PC og trekkspell?  Jon er nemleg ein habil lyrikar når han får ånda over seg, og no kan det nok bli nyskrevne tekster til både nye og gamle melodiar på trekkspellet.

Jon har iallfall prøva ny-PC’n, og her kjem det første produktet – sjølvsag skrevet på rim:

Jostu Jubileum
En stor takk og helsing eg sende vil
Te all dem som va så snill
Som kom e hau me på min årmålsdag
Men alle vart snytt for et gebursdagslag

Å bli sett slik pris på e nåkkå te stas
Og når forma bli bêr bli det kanskje kalas
Da ska vi slå ut håret både kailla og fru
Og da ska kje nemnast skule, tunell hell bru!

                                             Helsing frå nå Jostu.

Publisert: 11. februar 2013, 21:17