Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Jonsvake med kongens heider til Bernt Bøe

Jon Olav Ørsal Laurdag 4. juli 2015

Jonsvaka i Åsskard vart ein musikalsk festkveld og den toppa seg med tildeling av kongens fortenestemedalje til Bernt G. Bøe. Jonsvaka starta med Bernts bildekåseri ”Nordmøre i tonar og dikt”, men da vi skulle ta kaffepause, troppa ordførar Lilly Gunn Nyheim opp med tildeling av kongens fortenestemedalje til Bernt. Har aldri opplevd at Bernt har vorte mållaus før, men denne gongen vart han fullstendig overrumpla av Lilly Gunn da ho starta å lese opp grunngjevinga for tildelinga, og det gikk opp for Bernt kva det var som skjedde.

BerntB_Kongens_0253

Bernt G. Bøe saman med ordførar Lilly Gunn Nyheim og kona Randi V. Bøe.

Bernt har gjennom alle år vore ein ekte kulturbærer, og vi har alle hatt stor glede av arbeidet hans, både i nærmiljøet og resten av lokalsamfunnet. Bernt har jobba både med lokalhistoria, folkemusikken og det er mesta enklare å ramse opp kva han ikkje har teke del i. Her i Todalen har også kunne nyte stor glede av arbeidet til Bernt. Som mangeårig dirigent for Todalskoret har han gjort seg kjent med og formidla vidare mykje song- og musikktradisjonar gjennom Todalskoret og gjennom samarbeidet med Åsskard kyrkjekor som han også er dirigent for.

Jonsvaka starta som sagt med lysbildekåseri med Bernt, og fortsette etter heidersutdeling og kaffepausen med konsert der han kunne by på både song og musikk av ypparste klasse. I strykeorkesteret deltok odd Sonntag og Synnøve Hammervold på filolin, Anne Våg Aaknes på bratsj og Marit Aspås på cello. Tidlegare Tingvoll-organist Tor Strand trakterte orgel og piano denne kvelden og songarane Sigrid Bøe (sopran) og Maria Moen Nohr (alt) var solistar.

Solister_Orkester_Kor_0257

Solistane Sigrid V. Bøe og Maria Moen Nohr, saman med kor og orkester. Foto: Jon Olav Ørsal

Heilt til slutt – og langt etter tidsskjemaet var siste post på programmet ”Folketonemesse over salmetonar og slåttar frå Todalen”, med folketonar og slåttar etter Tomine Husby, Hallvard Ørsal. Den var laga til 150-årsjubileet for Todalen kyrkje i 2011. Med ei slik oppsetning, så måtte det berre bli ei stor oppleving for publikum, som også var rause med applausen til musikarar og songar.

Bernt Bøe var dirigent og musikalsk leiar for heile arrangementet som han sjølv hadde regissert. Det ga også ei heilt rett rame rundt tildelinga av kongens fortenestemedalje. Gratulerer Bernt!

 

 

 

Publisert: 4. juli 2015, 11:18