Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Jodleri og symfoni

Steinar Hasselø Onsdag 20. desember 2017

Dette blir friskt! – TrondheimSolistene har fått med seg ein jodlar frå Romsdalen og trekkspelets svar på Matti Nykänen til nyttårskonserten i Surnadal kulturhus 12. januar.
Halve salen er allereie selt (pr. 20.12), og vi har enno ikkje kome til dei aller siste hektiske dagane før jul der karar med vikande blikk leitar desperat etter julepresangar; og helst presangar som kanskje for ein gong skuld kan overraske mottakarane. Da kan billettar til denne godteposen av ein konsert vere eit alternativ; med Polkabjørn, Kleine Heine og virtuose musikarar frå TrondheimSolistene. 

Nyttårskonserten har vorte ein populær tradisjon med full sal. Denne gongen kjem dei med ein ny kunstnerisk leiar, Geir Inge Lotsberg, og han vil føre vidare utviklinga av TrondheimSolistene som eit topp profesjonelt ensemble med godt internasjonalt ry – med konsertar prega av humør, spontanitet og intensitet.
Intensitet og humør pregar også dei to gjestemusikarane denne gongen. Polkabjørn har ikkje berre perfeksjonert seg som jodlar, men også som strupesongar, i løpet av det siste ti-året.

Polkabjørn og Kleine Heine Foto:TS

Trekkspelvirtuosen Kleine Heine, også romsdaling, tek sats, som Matti Nykänen, svevar og svevar – og forhåpentleg landar fjellstøtt. Begge fryktar at dei ikkje kan toppe det dei allereie har opplevd; som at dei har vore oppvarmingsband for a-Ha og musisert for både konge, justisminister og tilfeldige fillefransar. Men dei har ikkje spelt i Surnadal og varma opp med «bakels-å-græt», så det er lov å håpe på at konserten 12. januar kjem på ti-på-topp-lista til romsdalingane …

Publisert: 20. desember 2017, 22:40