Torsdag kveld kl 18 blir siste dugnadkveld og avslutning på dugnadsarbeidet med kakefest og «overlevering» av ferdigmåla kyrkje til kyrkjeleg fellesråd. Til siste dugnadsdagen står det berre att litt finpuss og oppryddinging etter dugnadsarbeidet. Kl 19.30 blir det dugnadskaffe med marsipankake frå soknerådet, og da inviteres alle som har delteke på dugnaden heilt sia starten.
Det vart eit kjempefint resultat, og så for som det gikk! Leiar i soknerådet, Ildri S. Øyen, lovprisar dugnadsgjengen for innsatsen og skryter uhemma når ho tek kyrkja i nærare øyesyn onsdag kveld. Ho rettar også ein stor takk til Ragnar Halle, som tok på seg å organisere arbeidet med dugnaden som er unnagjort i løpet av 3 veker no i mai.
Ho fortel vidare at soknerådet hadde møte måndag 28. april og gjorde vedtak om at kyrkja skulle målast. Kyrkjeleg fellesråd ville betala målinga, og bygdefolket skulle oppfordrast til å gjæra jobben. Alt neste dag gikk Todalen.no ut med info om dugnad, og sia har det berre rulla framover. No er jobben gjort, og den blir altså avslutta med kakefest til heile dugnadsgjengen torsdag kveld. Sjå bilda frå dugnadsarbeidet dei siste dagane nedafor. Alle foto: Jon Olav Ørsal