Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Jo Kåre vart verdsmeister

Jo Kåre vart verdsmeister

Jon Olav Ørsal Måndag 12. mars 2012

Vi gratulerer Jo Kåre Torvik som gikk til topps i sin klasse i Veteran-VM i hopp i Szczirk i Polen denne veka. Han leda med eit fattig poeng etter første omgang, og klarte å halde konkurrentane unna også i andre omgang, med 1/2 poengs margin til tyskeren Stielow Jurgen. Szczirk ligg eit par mil sør for Krakow og ikkje langt unna OL-byen Zakopane. Her var det konkurranse i tre bakkar, 40 – 70 – 90 meter. Det var i 40-metersbakken og i klasse 50-55 år at Torvik gikk til topps.Torvik deltok også i 70-metersbakken, og der hamna han på ein 8-plass.

Jo Kåre fortel at dette har vore drømmen i mange år, og han var glad for at det endeleg lykkes vinne sin klasse no. Han har trena iherdig i Granåsen i Trondheim og i Knyken på Orkanger i vinter, sjølv om det ikkje har vore optimale forhold der.

Veteran-VM hadde 180 deltakarar, der Norge hadde 43 deltakarar med og var desisert største nasjon. men det var deltakarar frå mange land og konkurransen var hard. Den norske troppa hadde ein fin tur til Polen og dette ga meirsmak. Neste år er det veteran-VM i Perm i Russland, og da må det bli tur dit for å forvare tittelsen, seier Jo Kåre til Todalen.no.

Først publisert: 12. mars 2012, 06:00 - Sist oppdatert: 11. mars 2012, 22:27