Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Jan Vidar i klatreveggen

Jan Vidar i klatreveggen

Jon Olav Ørsal Laurdag 13. februar 2010

Visste du at Todalen idrettslag har ein fin klatrevegg i redskapshuset på Bordholmen? Rommet et oppvarma og det er ein trufast gjeng som brukar rommet litt innimellom. Ein av desse er Jan Vidar Øyen (18), frå Solvolla. Han fortel at han er innom og klatrar litt 2-3 gong i veka, og da sjølvsagt mest om vinteren.
Tre av veggane i rommet er kledd med plater som er påfesta klatregrep. Så her går det an å bryne seg litt og få trent styrke i ben og armer.
Jan Vidar driv også med Taekwondo, der han trenar 2-gonger i veka samt at han joggar litt for å halde kondisjonen ved like.
Men den siste tida er det nok årets russerevy ved Surnadal vidaregåande skule som har vore mest i fokus. Fram mot premieren 26. februar er det no øving kvar dag. Bra at vi har lite lekser no når det er så travelt, sier Jan Vidar som går andreåret på snekkarlina på skulen.
I galleriet nedafor finn du fleire bilete. Alle bilder, foto Jon Olav Ørsal

Publisert: 13. februar 2010, 18:19