Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Ja til NY bru!

Elinor Bolme Måndag 19. mars 2018

Ungdomshuset var i kveld godt oppfylt etter at John og Ragnhild Moe mobiliserte for å bevare Øyabrua som ei viktig kryssningspunkt av Toåa. Som tidlegare nemt skal Øyabrua sin eksistens opp til avgjørelse i ondagens møte i hovedutval for teknikk, miljø og næring. Mange ser med bekymring på rådmannens forslag til vedtak der restaurering av eksisterande bru ikkje er aktuelt, og eventuelt ny bru skulle takast inn i investeringsbudsjett ved seinare anledning.

 

Brusetmelan er ikkje egna for ein auke i trafikken. Mange av dei frammøtte på folkemøtet tykte det var underleg at rådmannen framstiller denne usikra vegstrekninga på sørsida av bygda som eit godt alternativ til å ferdast på. Auke i trafikk gir auke i belastning og kor lenge går det da før også denne vegen ikkje er eit godt alternativ? Foto: JOØ

Berørte bebuarar i området merkar allereie godt den auka trafikken som no har oppstått. Dei næringsdrivande merkar det med tredobling i avstand med å frakte både for og gjødsel. Som igjen gir seg utslag i auka miljøutslepp.

John Moe var møteleiar, og gjekk igjennom saka som utvalget skal ta stilling til på onsdag. Todalingane sitt engasjement er allerede fanga opp i fleire politiske kretsar, og «lovnadar» om ny bru vart formidla undervegs i møtet.

Til tross for positive tilbakemeldingar frå ulike hald ønsker likevel engasjerte todalingar no å komme med innspel til utvalget, og det vart forfatta eit enkelt skriv som skal vere underlag for ein underskriftskapanje fram til tirsdag ettermiddag. Kampanjen ønsker å kun ha fokus på eitt alternativ, nemleg at kommunen bygger ny Øyabru. Underskriftene vil saman med brevet under, bli sendt til utvalget som skal ta stilling i saka.

Ønsker du å signere kampanjen, men ikkje har anledning til å mønstre opp på Hals kor listene blir liggjande frå i morgon tidleg, kan du sende ein epost til ragnhild.ansnes.moe@pipelife.com som blir lagt med resten av underskriftene.

 

UNDERSKRITSKAMPANJE:

Vi krev at Surnadal kommune så raskt som muleg får lagt kostnaden med bygging av ny Øyabru i Todalen inn i sitt investeringsbudsjett. Det er ikkje eit alternativ å berre ha Øyabrua som gangbru som rådmannen foreslår i sak 12/18 i Hovedutval for teknikk, miljø og næring.

Dette med bakgrunn i:

Trafikksikkerheit: Heile sørsida av bygda, spesielt Brusetmelan, er i så dårleg forfatning at med auka trafikk vil dette gå ut over trafikksikkerheita for både bebuarar, mjuke trafikkantar og kjøretøy. Kommunen tek no bort det kommunale tilbudet Øyabrua og henviser brukarane til ein mykje meir trafikkfarleg veg.  Dette tykkjer vi er å fråskrive seg ansvar, med å overlate resten til fylket. Vi blir ikkje overraska om Brusetmelan på sikt også blir stengt for biltrafikk.

Brusetmelen mot Bruset. Foto JOØ

Forringa bukvalitet: Den auka trafikken gjer at bukvaliteten for dei som bur langs vegen no er dårlegare. Dei opplever betydeleg auka trafikk og meir støy og støv som følge av dette.

Jordbruksverksemd: Etter at Surnadal kommune klassifiserte ned Øyabrua til 4 tonn totalvekt, har dei som driv jord på begge sider av elva hatt store utfordringar. Fleire bruk har med stenginga tre gonger så lange frakteavstandar med til dømes for, gjødsel og tilsyn. Dette påverkar naturleg nok også bebuarane på strekninga, og miljøet.

Knutepunktet: Øyabrua ligg sentralt til midt i bygda og knyter nord og sørsida saman for barnehagen, skulen, kyrkja og ungdomshuset.

 

 

Publisert: 19. mars 2018, 00:15