Ein kveld kvar månad driv brannlaget i Todalen med praktisk øving eller anna opplæring. Dei er ein viktig «institusjon» i bygda for at vi andre skal føle oss tryggare. Men det er ikkje berre «den røde hane» dei passar på. Brannlaget har også ansvaret for hjartestartaren som er stasjonert på brannstasjone og rykkjer ut når hjartealarmen går. Og ikkje nok med det – dei har må også tre støttande til dersom det oppstår alvorlige voldsepisodar. Dette tek dei på alvor og legg ned ein stor innsats for å dyktiggjere seg.
Brannlaget var onsdag kveld samla til øving på brannstasjonen. Dei var glade for at dei endeleg er 6 i brannlaget igjen etter at ei av stillingane har stått vakande ei stund. Den 6. brannkonstabelen er Anders A. Karlsen som kom med no nyleg. Denne kvelden var det planlagt brannøving og gjennomgang av utstyret, med testing i området Ved halsabrua. Og utstyret fungerte godt, og det tok ikkje lang til før det var vatn i slagane og fullt trykk med vasstrålar langt til værs. Tilbake på brannstasjonen i smøregrava på den gamle BP-stasjonen på Kvendset vart utstyret etterpå gjennomgått og klargjort for ny utrykning. Den andre delen av BP-stasjonen er i dag bygd om til treningsstudioet «Hett og svett» i regi av Todalen I.L.
På brannstasjonen ligg også hjartestartaren med tilhørande førstehjelpsutstyr klar til utrykning, dersom det skulle kome alarm om hjartestans eller ei alvorleg ulukke. Dei fortale også at det i løpet av våren skal arrangerast eit førstehjelpskur der alle kan delta. Det skjer i samarbeid med Todalen sanitetsforening og blir tillyst seinare.
Vi har laga eit lite bildegalleri frå brannøvinga ved Halsabrua onsdag kveld. Alle foto: Jon Olav Ørsal