Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Iverksette tiltak som følge av påvist smittetilfelle med covid-19 i Surnadal

Dordi Jorunn Halle Fredag 18. september 2020

I samband med smittesporing av eit tlfelle av påvist Covid-19 i Surnadal kommune er desse barnehageavdelingane/skuletrinna stengt av kommuneoverlegen fredag 18.09 og måndag 21.09 2020:

For Midtigrenda barnehage gjeld dette barn og tilsette på Maurtua.
For Øye barnehage gjeld dette barn og tilsette på Austistuå og Utistuå.
For Bøfjorden og Bæverfjord oppvekstsenter gjeld dette elevar og tilsette på 1.- 3. trinn.
For Mo barnehage gjeld dette alle barn og tilsette.
For Øye skule gjeld dette elevar og tilsette på 2. og 4.trinn. I tillegg er SFO også stengt desse dagane.
 
Kommuneoverlegen ber også om at søsken til dei som går på dei stengde avdelingane/trinna er heime desse to dagane.
 
Foreldre til barn på barnehageavdelingar/trinn som er stengde og søsken til desse, blir bedne opp å forhalde seg tilsvarande karantenvilkår fram til ny beskjed blir gitt. Dette betyr å halde seg heime, ikkje gå på jobb utan at det er samfunnskritisk nødvendig, vurdere eigen allmenntilstand og vurdere å teste seg om ein får symptom. 
 
Nærkontaktar som er sett i karantene og kontakta av smittesporingsteam, skal teste seg.
Dei tiltaka som er sett i verk er gjort som eit føre var-tiltak inntil vi får kontroll over smittesituasjonen. På bakgrunn av dei funna vi får i løpet av dei neste dagane vil det komme ei justering av tiltak som er sett i verk.  Alle berørte vil få ny informasjon så snart som muleg.

Tilsette i andre berørte einingar kan få råd ved å kontakte sin nærmaste leiar og følgje med på informasjon som blir lagt ut på ansattportalen. 
Publisert av Anne Lise With Wullum
 

Publisert: 18. september 2020, 10:11